mandag, august 02, 2004

"Summer moved on" med copyright av Morten Harket

"Summer moved on..." Sangen til A-HA er jo ein slagar på sitt vis, sjølv om eg ikkje høyrer på dei. Er det nokon andre her som kan forstå korleis Morten Harket kan syngje nokre så sinnsvakt høge tonar? Ein ny Pavarotti kanskje? Neppe. Men lyst og høgt kan han syngje, ohyeah! Men tru om ikkje hr. Harket himself ikkje har tatt inspirasjon frå ein sumar som vi her på Stord og elles rundt i Noreg har hatt til nu, samt eit illegåande forhold til ei chick som han motvillig elskar av heile sitt hjarte? For det er sommaren som no skal for elden, og utfallet kan dykk anten lese heilt til slutt, eller berre lese gjennom artikkelen med ein god fornøyelse og ein kopp med "Rett i koppen"!

Joda, vi har vérbabes og vérmachos som står på NRK, TV2, TVNorge, etc. som melde om ein sommar utan like for eit par månadar sidan. Noregs folk og fé gleia seg til sumaren, og gjorde innkjøp av sololje og anna div. melkeprodukt. Og med solbrillar og ammo til 1000, satt dei med oppslåbare Ikea (TM) feltstolar i hagen saman med plaskebasseng frå Brio i Trio og brunsniglar som partnarar. Og eg må berre humre av ein mogleg sadisme ovarfor desse stakkars folka, og mogleg dykk som les dette, dykk som også gleda dykk til ein kjempesommar (no offence), for han kom liksom ikkje! Då satt folk i regnet, med sololje i handa og lurte på "Hva nu?" Men misforstå meg rett, eg har ein smule medfølelse for dei også! For å vere ærleg, eg er ikkje så forferdelig begeistra over sommar og sol til tider, då eg finn det for varmt og lyst, spesielt i fjor! Det har kokt ned til at eg aldri, aldri, reiser til Trøndelag om sommaren igjen. Jovisst, sommaren har mange fordelar med seg, og er så obligatorisk som SMS er obligatorisk, så og seie. Kva skulle vi gjort med plantar og div. anna som brødfør oss her og andre stader i verda? Eg er takknemleg for han på den måten, og med bademoglegheit, seglemoglegheit, osv.,osv. Men det er for varmt og for lyst (om natta) til tider!

Vérfolka såg ut som dei klødde seg i hovudet, og med ein viss tendens til desperasjon prøvde å gi ein lovnad om eit fint vér i juli, medan andre såg meir pessimistisk på det. Nope, sommaren kom ikkje då heller. 0-1 til pessimistane. Eg var vekke ei veke i juli, medan det visstnok regna på verdas midtpunkt, Stord.

Men no er vi altså andre dagen ut i august, og jammen kom det litt finvér óg, for dei enda ferierande. Ska sei, det tok seg opp! Tippar mange har fått bønesvar ´på detta viset.´

Det er ein klisjé her, og den spår eg kjem til å skje: Eg kjem til å få eit meir positivt syn på sommaren utover hausten, seie at "Ja, sommaren er verkeleg ein fin ting. Og eg veik vekk frå den." med ein angrande mine. Så kjem våren, samt varmen og lyset, eg får det gamle synet på sommaren att frå loftet, og sånn går det utover. I ekte J. Jonah Jameson stil. Men sånn er det vel bare. Kan eg klage?

Sommar er kinotid, badetid, segletid, soletid (for den som vil), svettetid, natterangletid. Men trass dette; eg favoriserer vinteren og hausten aller best! Av ein eller anna mystisk grunn så likar eg mørkret betre, alt i alt, enn eit flomkastarlys. Og med mørkret meinar eg mørke om kvelden, kortare dagar, kalde dagar, kalde netter. The son of the dark, literally, in a particular, funny, strange, weird way; all in one. Eg kan ikkje leve utan sommar, det veit eg, men allikevel...det er vel lov å ha eit anna syn enn det gjennomsnittlege?

No ser eg fram til ein ny type haust: Det er ein ny skule, attpåtil langt uti Fitjar, som eg har vore max 4/5 gongar, og det på ei vidaregåande linje som passar meg veldig bra! Ny haust og vinter. Ahh, eg skal nyyyte det med ei panteflaske isté á la Nestea. Kinoar på vinteren er best, ingen protest! Men bading derimot...jaja...


Sommaren blei som Harket songen, og vi burde kanskje børste støv av den nogenlunde 4 år gamle sangen (correct me if I´m wrong). "Summer moved on". Det utnevnar eg som det offisielle ordtaket for sommaren 2004, og takk for det.

Mvh.
Mats