tirsdag, juli 27, 2004

The very warm,first welcome

Joda,eg heiv meg på bølgen eg og; den berykta BlogSpot.com bølga. Og kvifor ikkje? Finst det ein betre måte å formidle eins tanka på enn på blog´en (bortsett frå messenger)? Eg tviler. På sida mi kjem eg nok til å poste både saklige og usaklige ting (dåke får finna ut ka som ligg i det sjølve!); alt frå ros,ris,info, til den mest beinharde kritikk. Så dåke får vere forsiktige på kva dåke gjer med meg...hehe...

Mitt aller første tema blir nok noko som er i ein indirekte samanheng med navnet på sida mi; "Knowledge speaks, but wisdom listens." Desse orda kjem frå rockelegeda som uoffisielt blei kåra til verdas beste gitarist! Nemleg Jimi Hendrix, den venstrehendte gitarist! Han opererte (sku eg tru) på 70-talet og her kjem temaet mitt inn:

70-talet, tiåret over alle tiår! Tiåret då store rockelegendar kom på banen, som den allereie nevnte Hendrix, The Clash, The Rolling Stones, etc. Tiåret då neonlys, Woodstock og hippiar med "flower power" i bagasjen først dukka opp av eit uvisst hav. Tiåret som eg personleg favoriserer best, sjølv om eg ikkje på langt nær har levd i det! Dåke spør meg kanskje kvifor? Jo, om dykk heng med, so skal eg seie det: Det er sjølve stemninga ved han, enkeltheita, fargane, friheita, rocken som for alvor skaut fart, moten (langt hår, buksar, gensrar, imagine yourself), osv. Som sagt, Stemninga, med stor S. Eg kan sjå det på bilete frå den tida. Eg kan riktignok ikkje forklare det (som så med mykje anna), men det er der, kling seg på hjernen når du først tenkjer på det, som Parkinson! Såklart, nokre vil kanskje sette seg mot dette synet, men eg har mine tvil på at gjennomsnittslesaren her på sida er på 50++. Ta fram foreldras gamle fotoalbum, så kan du sjå og dømme sjølve. Er du ein `the seventies´ "tilhengjar" sjølve, let me know!

Noda, alt var riktignok ikkje gull og grønne, rosa, blå skogar. Vi har ein hake ved f.eks. hippianes livsstil, som eg trur har påvirka mange til dags dato: Alkohol, narkotika og tobakk, som skulen, uten ved å trekkje inn 70-talet, navnga det treffande; ANT. Alkohol blei ein full av, dermed handlingar utanom det vanlege, narkotika, som f.eks. marihuana, blei ein avhengig og "høg" av, noko som eg er sikker på reduserte anntal hjerneceller til eit absolutt null (og fekk ein kanskje til å krympe?), og tobakk var lystmordaren som ein også blei avhengig av etter ei veke eller to med kjederøyking under livsstilspresset. Ein kan vel kalle det verdas mest massive gruppepress! Men så er no ikkje eg ein tilhengjar av det, og ser på det som ein av dei mest negative sidane ved 70-talet. Men resten (utan innblanding av ANT, dårleg politikk og div. anna snusk) er konge i seg sjølve synest eg.

Interessant nok, `the seventies`  e komt tilbake, med blacklight og discolys som flaggskipa til ein "ny" bølge. Vi kan sjå det på frisyrar hos enkelte, moten (forleden såg eg ei veske med  blomstermotiv på, f.eks.), televisjonsseriar - nokon har vel kanskje sett eller høyrd om "That Seventies´ Show"? Verkeleg ei perle i underhaldningsbransjens komiseriar - anbefalt!

Kva kan me sei? Kjem 70-talet tilbake for full spiker med hippiar, klassisk rock, Woodstock - edition two og marihønar i bagasjen? Eg tviler. Men ein skal vere glad for at tiåret over alle tiår har komt kvartvis tilbake, med ein viss glede og eim av nostalgi i følgjet! Og med det løftar eg på glaset og ynskjer dåke ein "very warm, first welcome" til Blogsida mi!

Mvh.
         Mats